Politicians and Election, Vote in Freedom, Actively Participate in Democracy, Vote for Change, Online referendum
Kristelig Folkeparti

KrF vraker Inger Lise Hansen

Kristelig Folkeparti 60%

button ElectionsMeter.com

 

Inger Lise Hansen vert ikkje innstilt som nestleiar i Krf. Foto: Kyrre Lien / Scanpix

 

- Etter dagens møte i valkomiteen er det klart at vi ikkje innstiller Inger Lise Hansen som nestleiar, seier leiar Anne Marie Jøranli i valkomiteen.

Hansen har vore andre nestleiar i partiet sidan 2007. Jøranli seier komiteen etter ei samla vurdering ikkje ser at ho er ein del av den heilskapelege og samlande løysinga som dei jobbar imot.

 

- Det er fyrst og fremst på bakgrunn av at høyringssvara frå partiorganisasjonen var som dei var, at vi har kome til denne konklusjonen. Det er viktig at leiartrioen som vi ender opp med, kan verke samlande for partiet, seier Jøranli.

Komiteen har spurt og bede alle fylkeslaga om å kome med forslag til nestleiar.

 

- Når ein av dei sitjande nestleiarane har så låg oppslutning, så reknar vi med at dette er så godt gjennomarbeidd i fylkeslaget at det ville vore uaktuelt å fremje dette for landsmøtet, seier Jøranli.

Den endelege innstillinga er ikkje klar.

 

- Vi kjem til å jobbe vidare for å finne ei heilskapleg og samlande løysing. Her er ingenting klart før alt er klart.


- Det vert sagt at Hareide vil ha Hansen med på laget. Betyr ikkje dette noko?

- Det har eg også høyrt, men Hareide er så klok at han skjønar at det er landsmøtet som skal velje nestleiarar og ikkje han.


Eva Aalberg Undheim



19.01.2011
07.02.2011

parass -
Flag it!no spam

ElectionsMeter is not responsible for the content of the text. Please refer always to the author. Every text published on ElectionsMeter should include original name of the author and reference to the original source. Users are obliged to follow notice of copyright infringement. Please read carefully policy of the site.

Back to poll: > Norway > Parties > Kristelig Folkeparti
 
load menu